«Innsikt». Ytre Arna Museum. Besøkt 2. februar 2022. «Og utover på 1900-talet held utviklinga fram. Arne Fabrikker var på høgda av makta si dei første to tiåra etter krigen. Det nye, flotte administrasjonsbygget «Sentrum» stod ferdig i 1945, parkanlegg vart anlagt, og gartnarar heldt dei i topp stand. Fabrikken sysselsette over 1100 arbeidarar, og over inngangen til den nye Eidsvågstunnelen stod det på 1960-talet med store bokstaver: «TIL ARNE FABRIKKER». «Arne-laken» og andre kjente produkt frå fabrikkane stod for kvalitet, og framtida såg lys ut til fram mot 1970. Men omslaget kom brått. Konkurransen frå lågkostland tok knekken på Arne Fabrikker og store deler av norsk tekstilindustri i løpet av nokre få år. Staten vart kobla inn, Norion-konsernet vart oppretta. Men etter ein lang bitter kamp var det slutt for Arne fabrikker i 1979.»