Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endring i lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd «I det andre punktet, § 1 bokstav b, heiter det at Norsk språkråd skal «følge utviklingen av norsk skriftspråk og talespråk og på dette grunnlag fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen». […] Desse to punkta kan til saman seiast å utgjera kjernen i den opphavlege formålsparagrafen til Norsk språkråd. Det andre av desse punkta, § 1 bokstav b, kan dessutan omtalast som tilnærmingsparagrafen. Sagt på ein annan måte avspeglar § 1 bokstav b tilnærmingslinja i norsk rettskrivingspolitikk. Det er denne eine føresegna departementet med dette gjer framlegg om å oppheva.»