Lov om språk (språklova) §19 lovdata.no sitat: § 19.Språkrådet
Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.
Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan.
Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.
Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.